Foto: Kristin Roset.
Forelska i Sør-Afrika
Desse orda kom frå ein afrikansk / belgisk turistguide eg møtte då eg var på treningsleir i Sør Afrika. "Pass deg, så du ikkje likar deg for godt her. Då vil du ikkje heim." Han fortalde om far sin som reiste på ein 3 vekers ferie til Afrika. Først 15 år seinare kom han tilbake til Europa. Afrikanarane har ein herleg og avslappa levemåte som ein ikkje kan unngå å like.
Tema: Personlige turer
Link til denne artikkelen
For å linke til denne siden slik det er vist under, merk og kopier koden til din side.
Vi var fire friidrettsutøvarar som hadde funne vegen på andre sida av jordkloda på leit etter sommarlege forhold. Flyturen frå Oslo til Cape Town var lang, men når ein veit kva som ventar ein ved ankomst klarar ein det utrulege.
Det skulle bli så godt å springe i shorts under solsteiken og gløyme glatte vegar og bitande kuldegrader. Internett har opna mange vegar, og eg bestilte alt av billettar og overnatting via dataskjermen.
Det er utallige overnattingsmoglegheiter i Sør Afrika, så det var som å leite etter nåla i høystakken. Eg fekk omsider napp hos eit par gjestehus og sette igong ei pruting på prisane. Etter mykje om og men bestemte eg meg for Aan De Leivoor. Ho ønskte oss velkommen og gleda seg til å få besøk av idrettsutøvarar.
Då vi landa i Cape Town og fann vegen til Stellenbosh var vi spente. Var det så fint som det høyrest ut som? Kunne det stemme at vi skulle få ei sommerleiligheit.
Alle bekymringar kunne leggast vekk, her var det første klasse service frå dag ein.
Vin og studentliv i Stellenbosh
Stellenbosh ligg 30 min frå Cape Town. Det er den nest elste byen i Sør Afrika. Det bur omlag 75 000 innbyggarar, då inkludert 20 000 studentar. Området rundt byen er kjend for sine enorme vinmarker. Her kan ein få smake og kjøpe kvit og rødvin av beste slag. Vi tar denne vinsmakinga att når vi passerar 40 år, så vi heldt oss til vatn og kaffi.
Utanom å dyrke enormt med vindruer, kan bøndene tilby overnatting og gode måltid på vingårdane sine. Dette er veldig populært blant turistane.
Det var fortsatt sommarferie då vi kom til Sør Afrika, men på slutten av opphaldet strøyma studentane til.
Dei laga merkbart meir liv i gatene, og "råna" med bilane akkurat slik som den norske ungdomen. Universitetet er kjend for å ta vare på språket Africaans. Dette kjem opprinneleg frå Holland, men med ei blanding av ulike kulturar blei det eit eige språk i 1925.
Friidrett og kjende fjes
Stellenbosh er kjend for å samle menge friidrettsutøvarar frå Europa på dennne tida. Her ligg alt til rette for store treningsmengder og kvalitet. Grusvegane og skogsstiane tok ingen ende. Sjølve idrettsanlegget hadde topp utstyr med tre etasjes treningsstudio og to store symjebasseng. Det gjev inspirasjon når store idrettsstjerner som Grit Breuer, Kajsa Bergquist, Tim Lobinger spretter like ved sida av deg på stadion. Breuer heiv seg rundt bana litt fortare enn ellers og kom inn på tida 52 sekund. Like etter forsette ho med treningsøkta…
Ei slik tid har ikkje ei norsk jente sprunge sidan Sølvi Meinseth sette norsk rekord.
Like rundt hjørnet låg fjellheimen og venta på at norske bein skulle finne vegen. Vi gjekk langt innover og knipsa bilder i eitt. Naturen og fargane var heilt unike. Afrikanarane likar tydeleg også å kome seg bort frå by og mas, men det var tydeleg at dei kvite var overrepresenterte i fjellet.
Barbeque og andre spreke rettar
Vi vakna opp til ein herleg frukost kvar morgon. Grovbrød, kornblanding, eggerøre, frukt og nypressa juice blei servert av to blide jenter. Mette og gode kunne vi legge ut på første økt. Hadde vi ikkje nok energi då, var det berre å sule inn årene…
Sør Afrika kan by på fantastiske smakar og lukter. Må seie eg fekk store auger når eg fann, sebra, kokodille, sushi og norsk laks på same menykartet. Dette var ein uvanleg kombinasjon for ein vestlending og her måtte det meste prøvast. Skulle eg ikkje få sjå krokodillen i livet, fekk eg iallfall smake på han. Slett ikkje verst...
Barbeque er populært året rundt. Eg var så heldig å bli invitert i eit ekte afrikansk selskap. Her stod osen rett til vers, og kjøttet blei tilbererdt til alle kunstens reglar. Å samle venner og kjende på denne måten er viktig for afrikanarane. Då kan dei skvaldre, synge og ete godt til langt på natt. Det einaste som overgår volumet deira må vere den intense lyden til grashoppene.
Privat guide til Kapp det gode håp
Å vere turist i Sør Afrika er ein fryd. Du blir teken godt hand om og kan ikkje anna enn å finne deg vel til rette. Turismen har auka kraftig dei siste åra og dei fleste som kjem att skryt av nettopp den gode servicen. Det finst eit utal av aktivitetar og historiske stader å sjå. Vi hadde plukka ut nokre favorittar, og Kapp det gode håp stod høgt på lista. Vi leigde likesågodt ein privat guide for å få mest mogleg ut av dagen.
Daniel møtte opp tidleg om morgonen i strålande humør. Latteren og smilet sat laust, og det skulle ikkje ta slutt med det første. Det viste seg at han var maratonløpar og ein skikkeleg friidrettsentusiast, så praten gjekk i alt frå intervalltrening til Afrikas historie. Turen gjekk langst austkysten til Kapp det gode håp. Her hadde turistane samla seg til lunsj og souvenirhandel. Utsikten kan ikkje beskrivast med ord, berre opplevast.
Når vi vende nasa heimover passerte små badebyar og stoppa ved Boulders bay, kjend for pingvinkolonien. Vi sat med vidopne auger heilt til bilen parkerte ved gjestehuset sent på ettermiddagen.
Cape Town
Vi kunne ikkje reise heim uten å besøke Cape Town, Afrikas eldste by. Det bur godt og vel 4,5 millonar mennesker i byen og området rundt. Av desse er det 2,5 millonar farga, 1 millon svarte og resten kvite.
Byen ligg ved foten av høge, mektige fjell. Table Mountain er turistmagneten. Der kan ein ta gondolbane 1000 m rett opp og få ein nydeleg utsikt. Vi valde å bestige nabofjellet, Lions Head istaden, for å sjå solnedgangen. Her slapp vi unna kø og travle turistar, og kunne gå i vårt eige tempo. Verre var det når mørket fall på og heimattevegen plutseleg blei "borte".
Midt i Cape Town finn vi "Green marked ". Her kan ein lett gå seg vill, derom ein ikkje held tunga rett i munnen. Afrikanarane lagar så mykje fint av tre og tøy, at ein nesten må ha hengelås på lommeboka. Hadde eg hatt eit privatfly heim, skulle eg laga min eigen vesle afrikanske heim.
Heim igjen…
Det var trist å forlate Stellenbosh og dei flotte løpeforholda der. Eg har hatt tre uforgløymelege veker, og var lenge frista til å utsette heimreisa. Det blir nok ikkje lenge til neste besøk, men har åtvaringa til turistguiden friskt i minne.
"Pass deg, så du ikkje likar deg for godt her, då vil du ikkje heim…"






Kommentarer (0)
Bli bidragsyter på Reiseliv.no!
Har du mer kunnskap rundt temaet ovenfor enn det som kommer frem i artikkelen? Har du egne erfaringer eller tips du ønsker å dele? Bli aktiv bidragsyter på Reiseliv.no, legg igjen din kommentar nå!
Logg inn for å gi din kommentar