Miriam Nordtømme
Foto: Kristin Roset.
Miriam Nordtømme
Foto: Kristin Roset.
Det er ikkje alle som synest det er så spennande å glane på rikingane i festivalbyen Cannes. Den franske riviera kan by på så mykje meir. Kvifor ikkje pakke sekken og oppdage den vakre naturen. Iført shorts og topp, snørte eg og Miriam Nordtømme på oss joggeskoa og la på tur i fjell og åsar.
For å linke til denne siden slik det er vist under, merk og kopier koden til din side.
Pakk sekken, og oppdag den Franske riviera: Det er ikkje alle som synest det er så spennande å glane på rikingane i festivalbyen Cannes. Den franske riviera kan by på så mykje meir. Kvifor ikkje pakke sekken og oppdage den vakre naturen.
Når vi høyrer om den Franske riviera , og byane Nice og Cannes tenkjer mange på festival, kjendisar og dyre vanar. Det same gjorde også eg før avreise, men då eg kom fram og såg rundt meg oppdaga eg den vakre naturen. Grøn og frodig låg den berre og venta på gjester.
Som landslagsutøvar reiste eg saman med ein stor norsk friidrettsgjeng til Frankrike for å trene, saman med løpeveninna og konkurrenten min Liv Miriam Nordtømme, like i nærleiken av den vesle byen St. Raphael. Middelhavet blinka i sola, men temperaturen var slett ikkje innbydande. St Raphael har det meste ein kan ønskje seg. Små koslege butikkar, strandpromenade, båtmarina og deilige restaurantar med sjømat av beste kvalitet.
Medan dei fleste heldt til rundt stadion, måtte eg kome meg ut i naturen og opplevde noko anna enn tartandekke og svette styrkerom. Iført shorts og topp snørte eg på meg joggeskoa og la på tur i fjellheimen. Fjell, og fjell fru Blom. Det er vel kanskje meir rett og sei åsar. Små grøne toppar stakk opp i alle retningar. Middelhavet låg forsatt og blinka i det fjerne. Betre kunne eg ikkje ha det. Total stillheit langt borte frå trafikk og menneske.
Etter nokre timar med løping og smårusling møtte eg på to franske syklistar. De inviterte meg med på kajakktur like nede i dalen. Det var ikkje enkelt å forstå den gebrokne tysk- fransk- engelsken, men eg forstod det slik at dei var instruktørar. Det freista å ta turen, men av klokskap lot eg vere.
I løpet av dei to vekene i Frankrike blei eg ein tanke irritert over kor lite engelsk franskmenna kunne, men ein dag på togtstasjonen kom eg i prat med ei jente på min eigen alder. Ho snakka godt engelsk og var både blid og imøtekomande. Ho hadde ein draum om å reise til Noreg og sjå korleis vi hadde det. Eg fortalde ho om Bergen, og om dei vakre fjella og fjordane vi hadde. Då lyste det av augene hennar, og ho ville berre dra på dagen.
Av nyskjerrigheit lurte eg på kvar eg burde reise for å sjå det ekte franske. Cannes og Nice var så absolutt ikkje noko å bruke pengar på. Der var det altfor stor trafikk og for mange turistar, men ein liten by med namn Cap Esterel måtte opplevast. Eg blei litt paff då ho sa det, for nettopp den byen hadde eg falt pladask for etter å ha passert den fleire gonger med buss og tog.
Eg undrar meg på kor mange hundar som finst i Frankrike. Eg har iallfall aldri sett makan til "hundegalskap". Kvar og ein drog på ei bikkje, enten det var i butikken eller på restauranten, ja overalt. Det var tydeleg å sjå at små hundar var" in". Små gneldrebikkjer som sprang mellom beina dine på internettkafeen og klynka under bordet på restauranten dersom det ikkje var ein matbit å få. Nei, takke meg til den norske kulturen på det området.
Mat er viktig for ein idrettsutøvar. Det er ikkje kva som helst som sklir ned. Det skal helst vere grovbrød og brunost, men det var vanskeleg å oppdrive akkurat det på Middelhavskysten. Baguettar derimot fann vi på eit kvart hjørne. Det er nydeleg med ein fersk baguett, men du og du så lite det held i magen på ein stakkars milslukar.
Sjømaten må nytast dersom du er på den franske riviera. Det finst mykje godt i Middelhavet. Sidan menyane kan vere litt vanskelege å forstå på enkelte restaurantar, kan du få ei overrasking dersom du prøver deg på noko nytt. Men eg lovar deg ei positiv overrasking. Franskmenna kan sjømat.
Den franske riviera er fantastisk fin. Det freistar å reise fleire gonger og gøyme seg bort i dei små byane som ligg tett i tett langs kysten. Her kan ein vere i fred og ro eine dagen for så å spasere med høghæla sko i Cannes og menge seg med rike folk den andre dagen. Litt for ein kvar smak med andre ord. Og er du glad i å shoppe? Eg kan love deg at pengane får bein å gå på……
© 2000-2006 Reiseliv.no AS
Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet
For å linke til denne siden slik det er vist under, merk og kopier koden til din side.
«Å reise er å leve»
H. C. Andersen
Kommentarer (0)
Bli bidragsyter på Reiseliv.no!
Har du mer kunnskap rundt temaet ovenfor enn det som kommer frem i artikkelen? Har du egne erfaringer eller tips du ønsker å dele? Bli aktiv bidragsyter på Reiseliv.no, legg igjen din kommentar nå!
Logg inn for å gi din kommentar