Hjem Destinasjoner Klart for sesongopning i Myrkdalen!

Klart for sesongopning i Myrkdalen!

av Reiseliv
2013-12-04 Myrkdalen.jpg

Myrkdalen er fyrst ut på Vestlandet. Laurdag 23. november opnar heisane og besøkjande har mykje å gleda seg til komande sesong.

Ny 6-setar stolheis opnar i desember og ny barneløype på 600 meter og fun park er berre noko av det Myrkdalen har å tilby sine skientusiastar i vinter.

Dei siste dagane har det snøa godt, og det er over ein meter med snø og gode forhold på toppen av anlegget. Nede ved Myrkdalen Hotel ligg det ca. 20 cm. Her vert det produsert snø, men dei siste 3-400 meterane har likevel litt lite snø. Besøkande bør derfor vera litt forsiktige her, melder dagleg leiar for Myrkdalen Fjellheiser John Ivar Norheim.

Laurdag og sundag vil Myrkdalsekspressen, Kari Traa-trekket og Kråni-trekket vera i drift. Mest sannsynleg vert ikkje barneområdet opna denne helga. Det vert satt opp gratis skibuss kl 10.00 frå Voss stasjon med retur frå Myrkdalen kl 15.40 både laurdag og sundag. Laurdag køyrer ein også buss kl. 18.45 for dei som vil få med seg sesongens fyrste afterski. Alle bussane korresponderer med tog frå og til Bergen.

Sidan ikkje alle heisar er i drift kan skigjestene sjå fram til svært hyggelege prisar på heiskort i opningshelga:

1 dag vaksen kr. 290,-/ born kr.210,-

2 dagar vaksen kr. 570,-/ born kr.400,-

2 timar vaksen kr. 210,-/ born kr.165,-

3 timar vaksen kr. 260,-/ born kr.195,- Born under 7 år med hjelm køyrer gratis, men må ha Key Card (kr. 50,- ).

Myrkdalstovo, Restaurant Tunet og Pudder Afterski er opne for servering. Om ein treng overnatting er det framleis nokre ledige rom på Myrkdalen Hotel frå laurdag til sundag.

Du vil sikkert like disse artiklene også