Spektakulær utsikt: Trolltunga Active har hatt sin fyrste tur på den nyoppstarta «Trolltunga Sunset/Sunset Winter». Der får gjestene overnatte i den spektakulære «Arctic Dome»-teltkuppelen på den populære fjellformasjonen.
– Vi ynskjer å formidla den komfortable, men likevel puristiske formen for norsk friluftsliv saman med opplevinga av å sjå Trolltunga, seier marknadssjef i Trolltunga Active, Erle Hauso.
I tillegg til å gje gjestene lun komfort, gjev domen ei spektakulær utsikt mot Ringedalen og Folgefonna gjennom det gjennomsiktige partiet i den eine veggen, samt stjernehimmel ved godt vêr gjennom det gjennomsiktige taket.
Spektakulær utsikt og den ultimate kjensla
Førre veke starta Trolltunga Active på arbeidet med å setja opp domen. Selskapet har gravd vekk snøen og fått domen trygt festa til bakken, sett opp egne flyttbare element for soveplass og lokalproduserte møblar – designa og produsert av Hallstein Skare, opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Domen gjev oss mogelegheita til å gje gjestene kjensla av å sove under open himmel, noko som er den ultimate kjensla for mange friluftsfolk. Samstundes kan dei nyta komforten av å ligga i ly i ein koseleg dom med hytteinteriør, eta god mat, oppleva godt samvær og nye vennskap i ljoset av dei få lampane vi har i domen, forklarar Hauso.
Reiste verda over for jomfrutur
Dei tre fyrste gjestene i domen har reist heile vegen frå Australia og USA for å gå på truger til Trolltunga og oppleva ei natt i vinterfjellet. Attendemeldingane er svært gode.
– Det var utruleg kjekt å vera med på denne fyrste turen, og eg nøyt den koselege atmosfæren i domen, seier amerikanske Jacob Bartz.
– Det var nesten som å vera på overnattingstur med vener, sjølv om vi ikkje kjende kvarandre frå før, legg Caitlyn Murphy frå Australia til.
Vêret var definisjonen på norsk draumepåske med blå himmel og vindstille vêr. Utpå kvelden blåste det opp og snødde godt.
– Eg likte godt å kunne fylgja vêret og synet av fjella gjennom dei gjennomsiktige delene av domen. Hadde det ikkje vore for vinden, hadde eg nok gløymt at eg var på fjellet i den lune domen, seier Scott Murphy frå Australia.
Få nytt fra Reiseliv på epost. Se hva vi tilbyr og bestill nyhetsbrev her
Liker du artikkelen om Spektakulær utsikt, så gi oss like og del på Facebook
Du kan søke hoteller verden rundt og bestill direkte her på Reiseliv
.. ... .
Reiseliv er Norges eldste reiselivsmagasin på Internett, startet i 2000.
Norge: Preikestolen, Kjerag og Trolltunga på 3 dager
Få nytt fra Reiseliv på epost. Se hva vi tilbyr og bestill nyhetsbrev her